Login

Archive for May, 2009

Livet

Den nye plata vår har, som alltid, fått veldig blanda mottaking av kritikarane; både fleire femmarar og fleire toarar - og litt ymse i mellom. Me lagar ei oppsummering med linkar etter kvart.

Plata ligg i skrivande stund på 4. plass på salslista til iTunes. Kjekt!

I går var me i tv-programmet “I kveld” på NRK2. Det vert vist igjen i dag kl. 15.30 - og ligg på nettet.

EKTE MENN ER UTE!

Frå i dag er den nye plata vår tilgjengeleg i alle (gode) platebutikkar, på mange bensinstasjonar og på iTunes.

Fyrste platemeldinga!

Me oppdaga plutseleg at Ekte Menn vart meldt allereie den 28. april i K7Bulletin, som er avisa ved NHH i Bergen. Dette er altså den aller fyrste meldinga me har sett - og det ser jo bra ut:

anm

Høyr utdrag frå Ekte Menn!

Her kan de høyre utdrag frå (nesten) alle låtane på Ekte Menn. Kjekt? Ja.

Klapp dykk sjølve på skuldrane, gi dykk ein klem. God helg!