Då vert det mulegheit for å sjå og høyre oss i bya òg. Det er under Radio Ålesund-festivalen 09, som føregår 14. og 15. august. Me spelar laurdag den 15.
Archive for June, 2009
Me skal spele på Lost Weekend på Askøy utanfor Bergen i august! Det gler me oss til; me spelte på festivalen både i 04 og 06, og det var særs svært. Me stiller med blåsarrekke og god stil.
Fyrst dei kjekke:
Bergensavisen er voldsomt begeistra, og meinar me har vorte meir sofistikerte utan å verte glatte, og at “Mann Med Manera” har eit himmelhøgt hitpotensial. Nettavisen/TV2 meinar at me er betre enn nokonsinne. Det same meinar K7Bulletin og Sunnmørsposten. Og Dagens Næringsliv synes me er så bra at det berre er å legge ned Noregs Mållag, mens VG meinar det endeleg er tydeleg at me ikkje (berre) køddar.
Så dei dumme:
Aftenposten synes at me berre skriv “harry tulletekster,” Dagsavisen påstår at me er sjellause og generiske (kva betyr det!?), og i følge NRK Lydverket er me eit elendig funkband. Prisen for mest og best slakt går derimot til Sigrid Hvidsten i Dagbladet, men den meldinga ligg av uforklarlege grunnar ikkje på nettet.
Og midt på treet:
Studvest.