Login

Archive for December, 2009

Mykje styr for tida

- såpass at me gløymde å skrive at Heimegutar vart vist på NRK2 i dag (laurdag). Men fortvil ei! Reprise i morgon på same kanal kl. 18.55.

Ribbe og røøøl

Høyr på julerappen vår her:

Juletid (Ribbe & Røl)

Eller berre høgreklikk og last han rett ned!

Premiere kl. 18 i dag

Den nye internettkassetten vår er på veg. Me sit akkurat no med saks og papir og lim og styr - og reknar med å nå det til barne-tv. Kom tilbake då!

Intervju om Ekte Menn

Simon Snorkel frå Bergen er både ein hyggeleg ung mann, rappar og bloggar. Han har laga eit intervju med meg (Runar), med bl.a. ein gjennomgang av Ekte Menn, låt for låt. Det kan lesast i to delar her og her.

Og no er det jammen ikkje lenge til den nye kassetten hamnar her på sida!