Login

Archive for January, 2010

Godt år – og side taske!

Ymse er på veg i 2010:

- I mars/april tar me oss ei lita runde med konsertar rundt omkring i landet. Prøvar i allefall å planleggje noko no.

- På Vossajazz, siste helga i mars, skal me levere årets tingingsverk til Badnajazzen: ein rapkonsert med masse ungar frå Voss og Ulvik. Side Brok skal òg spele eigen konsert på fredagen.

- Til våren kjem dokumentarfilmen Heimegutar på dvd med ein haug med ekstramateriale.

- Me held fram med å lage musikk til den grusomt vanskelege fjerdeplata. Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud.

- Ei plate som heilt sikkert kjem i år, er debutplata frå Thorstein Hyl sitt nye prosjekt. Me spelar mystiske, og nøyer oss med å opplyse at det vert svært.

Sjå kva eg fann -

heime med ho mormor på julaftan!

p1010360.JPG

Steik, kor det vart jul då!

Takk til alle som kom på Rust 3. dag. Det var veldig svært! Me har allereie begynt å planlegge neste juletrefest, som vert endå større og villare.