Login

Archive for March, 2010

Side Brok og alle badna

Så har me endeleg begynt å kome oss etter ei hektisk og rasande artig helg på Voss. Fredag spelte me konsert på Park hotell, og det var svært å vere tilbake på den same scene som me spelte vår aller fyrste konsert utanfor Ørsta, i jula 2003.

Me hadde òg i oppdrag å snekre i hop årets tingingsverk til Badnajazzen: ein konsert i lag med dei talentfulle og kjekke ungdommane frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik. Me øvde og jobba heile fredag og laurdag, og på søndag var det konsert i den stappfulle Vossasalen. Svært! De kan sjå bilder frå konserten her.

Takk, Oslo!

- og takk til alle som kom. Det er visst ikkje så frykteleg ofte at alle på Blå - frå scenekanten til baren - hoppar, men det skjedde under dei to siste låtane på laurdag. Tilstandar! Det var godt å spele i Oslo igjen; me må visst snart tilbake. Her er eit bilde av Thorstein Hyl, som har sin heilt eigen måte å få folk til å be om ekstranummer på …

side-blaa.jpg

- Og pakkevinnaren er …

I Side Brok driv me ikkje med kjønnsdiskriminering.

No har det nettopp vore 8. mars (som forresten var 6 års-jubileum for Høge Brelle!).

Me er ganske metrofile av oss.

Me fekk inn fleire svar frå menn enn frå kvinner.

Altså; mange gode grunnar til at me har kåra ein mann til vinnar av pakke-konkurransen. Til lukke, Jostein Eikrem! Du hadde heilt rett svar på kvifor Skatebård får flest kjekser: ”Det er vel ei kjent sak at Skatebård trykke på tangentane og er flink til å skru på dei rette knappane?”

Takk til alle som sende inn svar. Me har kika godt på alle settlistene. No gler me oss til laurdag. Håpar Oslo er klar!