Oppsummering av platemeldingane

Fyrst dei kjekke:
Bergensavisen er voldsomt begeistra, og meinar me har vorte meir sofistikerte utan å verte glatte, og at «Mann Med Manera» har eit himmelhøgt hitpotensial. Nettavisen/TV2 meinar at me er betre enn nokonsinne. Det same meinar K7Bulletin og Sunnmørsposten. Og Dagens Næringsliv synes me er så bra at det berre er å legge ned Noregs Mållag, mens VG meinar det endeleg er tydeleg at me ikkje (berre) køddar.

Så dei dumme:
Aftenposten synes at me berre skriv «harry tulletekster,» Dagsavisen påstår at me er sjellause og generiske (kva betyr det!?), og i følge NRK Lydverket er me eit elendig funkband. Prisen for mest og best slakt går derimot til Sigrid Hvidsten i Dagbladet, men den meldinga ligg av uforklarlege grunnar ikkje på nettet.

Og midt på treet:
Studvest.