Runar

Side Brok - Svært (med Sirkel Sag)

Ny video: Side Brok – Svært (med Sirkel Sag)

Sjå her! Svær video laga borte i Volda. Takk, gode elevar og lærar ❤️

Laga i faget Grafisk design på utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule.

ELEVAR: Leander Bjøringsøy Bondhus, Anker Alexander Bugge, Håkon Følsvik, Daniel Pilskog Homberset, Jasper Grenager Longva, Dennis Solvåg Løvold, Øystein Nyhammer, Amanda Holstad Ramstad, Ida Kathrine Scheel og Madeleine Vatne Viddal.

LÆRAR: Håvard Krøvel-Velle.

PROGRAM: Adobe Photoshop, Adobe Premiere, Adobe After Effects, Adobe Mixamo, Skanect, 3D Studio Max, The Photoshop Cinemagraph Kit.

Nye t-skjorter til sals

«Ej he ei knorva skjorte og ei reine taske»

Me har desse t-skjortene i blått (som på biletet) og kvitt – i S, M, L, XL og XXL.

Me sel dei for kr. 200 pr. stk., men dei vert sende frå Danmark, så porto på 40,- kjem i tillegg (60,- for to).

Skriv til gudnason(dings)gmail.com for å bestille.

Konkurranse

Om du har kjøpt den nye låten vår på iTunes, kan du verte ein av to sylheldige vinnarar. Me har nemleg to svære premiar:

– Sirkel Sag-skjorta frå videoen, og
– Side Brok EP frå 2002.

T-skjorta finst i 1 eksemplar. EP-en finst i 500, men er umuleg å få tak i. Dette eksemplaret er uopna, og prislappen er på enno.

For å vere med, sender du kvitteringa for at du har kjøpt «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.» til gudnason@gmail.com. Me trekker lodd om nøyaktig ei veke, altså fredag 22. mars kl. 14.

Tekstane

Dei har visst vore utilgjengelege ei stund, men her er dei igjen. Må berre få «tekstar» opp i ein meny ein plass … Inntil vidare, trykk her

Ny kassett (og styr)

Her i hovudkvartera til PinaDgreitt records vert det no jobba på spreng for å få ferdig fjerde kapittel i vår svært legendariske kassettserie. Akkurat no ser det ut til at kassetten kjem til å heite «Pina D 4», men kven veit, alt kan skje. Som alltid vert kassetten tilgjengeleg på sidebrok.no nokre dagar før jul, og de kan laste ned både side a og side b + omslag i fine fargar.

Dei som er med denne gongen (i tillegg til Side Brok, då) er A-Laget, Transilvanian Galaxi, Kontrollert Kaos, Harald Frøysa, Rudebwoay, Sofus og endå fleire. Til dømes SuperDuo. Me har òg ein haug med rapparar på éi og same låt: Lars Vaular, Sjef R, Ukjent, Salvador Sanchez, StanMimix, Hajoken, Raske Penge og nokre til (viss dei får ut fingeren).

Ein av låtane på kassetten er «Svolt» av SuperDuo (Thorstein Hyl og Soul Theory). Denne sjarmerande superduoen har ein EP klar som er ute på nyåret. Plata har gode gjestar: Emile The Duke, Hajoken og Supa Sayed. Men «Svolt» er ikkje på EP-en, berre på kassetten – og på youtube; me har nemlig ein mobiltelefonvideo frå innspelinga til dykk her. Han med mest skjegg er Knut Sævik, som spelte inn og miksa låten.

PS: Me er dårlege, og vert nok heller aldri betre, til å bruke heimesida vår. Det vert mest twitter, facebook og soundcloud for tida, men me må jo ha sida til å legge ut kassettar og til å skrive slike lange meldingar som dette. Tenkji.

Ingen grunn til panikk

Dei fleste har visst fått det med seg – me har begynt på slutten. Mange har reagert sterkt og synest det er trist, men høyr no her: Det er ikkje slik at Side Brok heilt sluttar å eksistere. Me kjem sikkert til å spele av og til, og me kjem sikkert til å gi ut fleire kassettar. Me kjem berre med 96% sikkerheit til å slutte å lage plater og turnere. Me prøver ikkje å lure dykk og kome tilbake med tjue avskjedsturnéar. På den andre sida kan me heller ikkje love at me ikkje kjem tilbake om fem år. Me veit berre korleis landet ligg akkurat no, og då seier me det som det er. Me køddar ikkje med fansen vår.

Grunnen til at me legg opp brøkene no er ganske udramatisk: Det er så mange andre ting eg har lyst til å gjere, både innan musikk og andre ting. Neste år er det òg ti år sidan me gav ut den fyrste EP-en vår, og eg fyller førti, så eg tenkte det var passeleg å stoppe då. Men det er altså neste år, eller etter neste år … Me skal jo ut med den fjerde og siste plata vår ein gong i det nye året, og me vil meir enn gjerne spele ein drøss med konsertar. Plata blir bra. Det blir hip-hop. Men sidan det er ei stund til, og sidan det er sommar, og sidan det er ein fin låt, gir me ut denne reggaesongen ”Marianne”.

Høyr han her og no – og kjøp han i morgon på iTunes eller Platekompaniet.no

Han vert òg tilgjengeleg på Wimp (men ikkje Spotify før om nokre veker).

17. mai og styr

Som de ser er sida meir eller mindre klar. Småting skal fiksast.

Forresten: Me gir ut ein gladtrist reggaelåt veldig snart, det er jo sommar. I mens må de kose dykk med pølse og is.

Forresten: Me har faktisk 17. mai i København òg. Her er noko eg skreiv om det i Dag og Tid i fjor. Eg skriv forresten denne sida fast i Dag og Tid, om lag kvar femte veke. Du burde forresten abonnere på Dag og Tid.

Sida er under ombygging

– det er derfor ho ser ut som bloggen til ein ungdomsskuleelev. Ikkje at det er noko gale i gå på ungdomsskule, altså. Har gjort det sjølv.

Den oppussa og friske nye sida kjem om ikkje så grusomt lenge. Det kjem forresten ny musikk om ikkje så grusomt lenge òg. God helg, og sett på noko Side Brok!