Runar

Mann med manera

Me har lagt ut ei ny låt på myspace! Trykk her for å høyre.

I dag har me òg fått plata frå trykkeriet, så alt er i rute. Plata er altså i butikkane 11. mai.

Kvitr, kvitr!

No er me på Twitter. Trykk her for å legge oss til. På Twitter vil det kome små og mange oppdateringar heile tida, mens me her på sida held fram med det meir fyldige stoffet.

Fint omslag?

ektemennstor

Og viss de vil sjå kva låtane heiter, så trykk her.

Mykje styr

Dårleg nyheit: EKTE MENN har vorte utsett i to veker, og skal altså vere i butikkane og på iTunes den 11. mai.

God nyheit: Grunnen til utsetjinga er at pinaDgreitt records har fått ein særs god distributør med på laget, nemleg Sony Music. Så no må vestlandsanarkistane ta seg ein bolle og eit glas kefir og slappe av i eit par veker, mens kapitalistane nede i Oslo gjer jobben sin.

Planen var å ha sleppefest på Rust i Ørsta den 25. april. No kan me dessverre ikkje selge skiva denne dagen, men me kjem og spelar konsert likevel! For dei som ikkje var på Rokken i februar, kan me opplyse at bandet er utvida med to personar, og at begge er veldig flinke og deilige.

(Det vert ikkje sleppefest i Ørsta rundt 11. mai, for Rust er ikkje ledig).

Ein siste ting; i komande veke kan de sjå Side Brok på tv – heile to gongar. Fyrst på Waschera på TV2 tirsdag den 21. april kl. 16.00, og så på God Morgen, Norge på TV2 dagen etter kl. forferdeleg tidleg.

Tre glas kefir, takk!

Lars spør, Runar svarar

Den eminente rapparen Lars Vaular har ein eminent blogg, og her har han nettopp lagt ut eit godt og langt intervju med Herr Runar Gudnason. Les det! (Så får de også sett dei fine nye pressebilda våra.)

Elles bør det nemnast at Lars Vaular nettopp har vore Urørt-finalist, by:Larm-aktuell og at han slepp den nye (deilige) skiva si i mai. Veldig ekte Side Brok-fans kjenner han kanskje òg frå diverse oppvarmingsjobbar back in the days og frå Det e pina d en kassett. Sjekk ut Lars på myspace.

Har me forresten sagt at Ekte Menn er ute 27. april? Og at det går rykter om sleppefest i Ørsta den 25. april?

Heile handa på youtube

Hurra for Trange Truser!

Under dette aliaset skjuler det seg ei gjev taus og ein Side Brok-fan av format. Ho har laga ein artig youtube-video til «Heile handa» med mykje gode bilder frå her og der, no og då. Trykk her for å sjå!

Versågod: Heile handa!

[audio:Side_Brok-Heile_handa.mp3]

Her kan de laste ned den nye låta vår, enten som mp3 (256kbps) eller i skikkeleg kvalitet: wav. Høgreklikk osv.

Låta vil ligge her til gratis nedlasting heilt til albumet kjem ut.

Viss nokon skulle vere interesserte i teksta, så ligg ho her.

God helg frå Side Brok!

Premiere på ny singel på P3 i kveld

Høyr den nye singelen vår, «Heile handa», på Lydverket på P3 i kveld, onsdag kl. 18.

Den nye plata vår, som har fått det særs passande namnet «Ekte Menn», er ute på pinaDgreitt records i slutten av april, og fyrste låt ut er altså «Heile handa». Ho gir me vekk gratis, fordi de er så kjekke. Så kik innom her på fyrstkomande fredag (27. februar) i 12-tida og last ho rett ned!

Endeleg!

Kom på konsert! Kom på TV!

Etter år og månadar med svart jobbing og skumle takter er Side Brok på veg opp frå undergrunnen igjen! Laurdag 7. februar kjem dei til overflata med blodferskt låtmateriale på ein eksklusiv førpremiere på studenthuset Rokken i Volda.

Dette blir dei aller fyrste smakebitane frå bandets nye plate som skal sleppast i løpet av våren. Thorstein Hyl er tilbake i storform for å slenge drit i låtar som luktar av totempæl og manndom, og Spellemann-nominerte Skatebård er tilbake med eller utan bar overkropp. Sjef R trur han har funne seg sjølv og han er ikkje skjemd av det heller.

På førpremieren på Rokken lovar Side Brok å tilfredsstille alt den gode fanskaren måtte ha av våte draumar, og dei varslar dessutan eit solid knippe gamle slagerar under det som kan bli eit av vårens definitive konserthøgdepunkt blant dei gamle fjell.

Ein dokumentarfilm om Side Brok sitt drøye 5 år lange livslaup skal også fullførast om nokre korte månadar, og opptak frå konserten på Rokken vil bli ein del av filmen om dei. Derfor er det viktig at alle møter opp og gjer dette til årets fest – og viser resten av verda kva Ørsta, Volda og Side Brok handlar om.

Billettprisen er
50 kr. for medlemmar
av Studentsamskipnaden i Volda og
100 kr. for andre.

Dokumentarfilmen er produsert av produksjonsselskapet Aldeles AS i Bergen og regissert av Turid Rogne frå Ørsta. Filmen har arbeidstittelen “Heimegutar” og skal ha festivalpremiere i laupet av våren og deretter visast på NRK.