Endeleg!

Kom på konsert! Kom på TV!

Etter år og månadar med svart jobbing og skumle takter er Side Brok på veg opp frå undergrunnen igjen! Laurdag 7. februar kjem dei til overflata med blodferskt låtmateriale på ein eksklusiv førpremiere på studenthuset Rokken i Volda.

Dette blir dei aller fyrste smakebitane frå bandets nye plate som skal sleppast i løpet av våren. Thorstein Hyl er tilbake i storform for å slenge drit i låtar som luktar av totempæl og manndom, og Spellemann-nominerte Skatebård er tilbake med eller utan bar overkropp. Sjef R trur han har funne seg sjølv og han er ikkje skjemd av det heller.

På førpremieren på Rokken lovar Side Brok å tilfredsstille alt den gode fanskaren måtte ha av våte draumar, og dei varslar dessutan eit solid knippe gamle slagerar under det som kan bli eit av vårens definitive konserthøgdepunkt blant dei gamle fjell.

Ein dokumentarfilm om Side Brok sitt drøye 5 år lange livslaup skal også fullførast om nokre korte månadar, og opptak frå konserten på Rokken vil bli ein del av filmen om dei. Derfor er det viktig at alle møter opp og gjer dette til årets fest – og viser resten av verda kva Ørsta, Volda og Side Brok handlar om.

Billettprisen er
50 kr. for medlemmar
av Studentsamskipnaden i Volda og
100 kr. for andre.

Dokumentarfilmen er produsert av produksjonsselskapet Aldeles AS i Bergen og regissert av Turid Rogne frå Ørsta. Filmen har arbeidstittelen “Heimegutar” og skal ha festivalpremiere i laupet av våren og deretter visast på NRK.

6 thoughts on “Endeleg!”

  1. Også på bursdagen min og alle ting! Takk, Side Brok – TAKK! Jeg gleder meg som en liten snørrhvalp.

  2. Dette her blir feitere enn Gauda! Jauda!
    Tar 9-timers bilturen KUN for å oppleve denne konserten! Det skal bli så fett! Og vi skal bli snorkel-drita 😀

  3. Massiv respekt, Vidar! Kan eg få e-postadressa di? (Send til sjefr (ætt) sidebrok.no)

    Og Tjall, me vil prøve å ikkje øydelegge gebursdagen din : )

    No gler me oss veldig!

Comments are closed.