God stil på 3. dag – og ny internettkassett!

Som me hinta om i fjor, gjeninnfører me no tradisjonen med juletrefest på Rust (for dei som ikkje er frå Ørsta: dette er heimebana vår). Det vert tung bass, god stil, allsong og allrap, – og sjølvsagt ein haug med deilige gjestar på scenen. Sværheitsgaranti!

Omtrent ei veke eller to før jul kjem òg oppfølgaren til Det e pina d en kassett. Denne har fått den originale tittelen Det e pina d ENDÅ en kassett, og er ei god blanding av Side Brok og andre frå nabolaget, nytt og gammalt, seriøst og stroplete. Kassetten er sjølvsagt gratis og vert tilgjengeleg her på sida.

Og som om dét ikkje var nok, kjem det òg ein julesong frå oss snart… No ste’kje verda te påske!

1 thought on “God stil på 3. dag – og ny internettkassett!”

Comments are closed.