Ymse er på veg i 2010:
– I mars/april tar me oss ei lita runde med konsertar rundt omkring i landet. Prøvar i allefall å planleggje noko no.
– På Vossajazz, siste helga i mars, skal me levere årets tingingsverk til Badnajazzen: ein rapkonsert med masse ungar frå Voss og Ulvik. Side Brok skal òg spele eigen konsert på fredagen.
– Til våren kjem dokumentarfilmen Heimegutar på dvd med ein haug med ekstramateriale.
– Me held fram med å lage musikk til den grusomt vanskelege fjerdeplata. Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud.
– Ei plate som heilt sikkert kjem i år, er debutplata frå Thorstein Hyl sitt nye prosjekt. Me spelar mystiske, og nøyer oss med å opplyse at det vert svært.
Genial kommentar dinna «Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud».
Godt år indeed ^_^
Verte nok innkjøp av både «heimegutar», nye plata, og solo prosjekte!
Bli det konsert i Vestre?