Ingen grunn til panikk

Dei fleste har visst fått det med seg – me har begynt på slutten. Mange har reagert sterkt og synest det er trist, men høyr no her: Det er ikkje slik at Side Brok heilt sluttar å eksistere. Me kjem sikkert til å spele av og til, og me kjem sikkert til å gi ut fleire kassettar. Me kjem berre med 96% sikkerheit til å slutte å lage plater og turnere. Me prøver ikkje å lure dykk og kome tilbake med tjue avskjedsturnéar. På den andre sida kan me heller ikkje love at me ikkje kjem tilbake om fem år. Me veit berre korleis landet ligg akkurat no, og då seier me det som det er. Me køddar ikkje med fansen vår.

Grunnen til at me legg opp brøkene no er ganske udramatisk: Det er så mange andre ting eg har lyst til å gjere, både innan musikk og andre ting. Neste år er det òg ti år sidan me gav ut den fyrste EP-en vår, og eg fyller førti, så eg tenkte det var passeleg å stoppe då. Men det er altså neste år, eller etter neste år … Me skal jo ut med den fjerde og siste plata vår ein gong i det nye året, og me vil meir enn gjerne spele ein drøss med konsertar. Plata blir bra. Det blir hip-hop. Men sidan det er ei stund til, og sidan det er sommar, og sidan det er ein fin låt, gir me ut denne reggaesongen ”Marianne”.

Høyr han her og no – og kjøp han i morgon på iTunes eller Platekompaniet.no

Han vert òg tilgjengeleg på Wimp (men ikkje Spotify før om nokre veker).