Jul med, di krede

No er det snart jul, og i god tradisjonell Side Brok-ånd bryt me allereie tradisjonen med juletrefest på Rust. Grunnane er mange og fleirtydige. Ein av dei viktigaste er at me jobbar for hardt i studio med det nye eposet vårt, som no forresten har fått eit namn…

Vel, me vurderar allereie å begynne ein ny tradisjon med juletrefest til neste år.

Dessutan har me endeleg fått tak i fleire acapella-versjonar til remixforumet vårt, så no vert det styr der igjen, håpar me.

Elles noko nytt? Tja. Sjef R har vore i New York og laga musikkvideo, Skate har klipt seg og Thorstein har drukke sprit.

Me håpar alle får ei fredeleg og samarbeidsvillig jul.

7 thoughts on “Jul med, di krede”

  1. Skiva kjem i april!
    Videoen har eg filma heilt aleine i New York, og viss den blir bra, så kjem den ut… etterkvart… : )

    /R

  2. Vi gleder oss enormt til den nye skiva, samt nye video! Men blir det noen konserter? Her går det i Side Brok hver forbanna (eller velsigna) dag, og vi kjører gjerne en 80-90 mil for å oppleve Side Brok live! Dere må jo være tidenes live-gruppe!!

  3. Takk til Vidar og Øivind!

    Det går eit rimeleg sannferdig rykte om ein konsert i Ørsta/Volda-området den 7. februar…

    /R

  4. Helt konge! Har fått med et par kompiser som nok kommer til å ta turen opp fra Oslogryta for å hylle Side Brok i fagre omgivelser!
    Vil det bli annonsert på sida når dere veit hvor dere skal spille?

Comments are closed.