Det e pina 3 en kassett Coverbilde

Det e pina 3 en kassett (2010)

Rural musikk i form av ein mikstape

Dette er altså ein miksteip, og du får klart best resultat viss du finn/skaffar ein c-40 opptakskassett som du så kan kopiere desse mp3ane inn på. Det er difor me har lagt ut to mp3ar; éin til kvar side. Vedlagt finn du òg omslag til kassetten; det er veldig flott og inneheld mykje informativ og god tekst om musikken. Det ligg som ei pdf-fil, så den kan du skrive ut på skrivaren din, klippe og brette til, så har du ein ekte pina d miksteip. Og når du er i gang, lag eit par ekstra! Så har du julegåver til foreldre og besteforeldre.

Det er mange snyta fine artistar på kassetten – stort sett frå Ørsta og Volda, men også nokre frå Bergen og ein frå Sverige.

Utover pina d greitt-legendene Thorstein Hyl, Skatebård og Sjef R, får de høyre V-Gard Ervik & Liket, sk.Rap, Tier’n og Lars, Volda Rappelaug, Phil Corda, Absolutt Åndssvak, The Future Party Lordz, Frej, Stonxyblot, Ottar K. Sandvik featuring the John Coltrane Quartet, Pønke-Per, byGDEkRap og Både-Per (- og det er for ein gongs skuld ikkje berre ein masse nye dekknamn. Det er ekte folk, liksom).

Høgreklikk for å laste ned.

Program 1 (mp3, 52 mb)
Program 2 (mp3, 54 mb)
Omslag (jpg, 2 mb)

Det e pina 3 separate spor

Her har me klipt sunde kassettane, og lagt ut alt som mp3-ar, 320 kbps (sjølv om nokre av dei mest obskure tinga i utgangspunktet var i lågare kvalitet). Klikk for å høyre, høgreklikk for å lagre.

(Alle låtane i éi mappe)
01. Introduksjon: Ei bøn
02. Hajoken, Håggån, Thorstein Hyl III, Bikkja & Skolestil: Pina D rap
03. RSP, Pumba & Thorstein Hyl III: Venstre høyre (Romdrakt remix)
04. Side Prosjekt: Ein likandes kar
05. Phil Corda: Illegally hip mega medley hop
06. Thorstein Hyl III feat. Elvis Presley: Love me tender 2
07. Side Brok: Alt ein mann kan drøyme om
08. Kjell «Kjellen» Bigset: 60 minus
09. Castor P, MC Forfattaren Olav R. Øyehaug, Jonas V, Lektor & TønnePål: Pina D meir rap
10. Side Brok: Forstå kar me kjøme frå del 2 (Éin kjærleik)
11. Jarle Sørheim & Side Brok: Livet mitt
12. byGDEkRap: Austefjordsangen
13. Side Brok: 1, 2, 3, fyre (Tunks carbisolé mix)
14. Erotisk intermezzo på ei eng
15. MC Forfattaren Olav R. Øyehaug & Thorstein Hyl III: Eric!
16. Thorstein Hyl III: Werner vil ha stil
17. MK & B: Sildr
18. Krila & Lama: Maxbo
19. Slutt