Det e pina d ENDÅ en kassett (2009)

Hoho, endeleg noko skikkeleg musikk!

Så er oppfølgaren til Det e pina d en kassett her. Det nye verket heiter Det e pina d endå en kassett, og inneheld musikk av Side Brok og vener frå Sunnmøre og resten av landet; obskure låtar som ikkje har vore ute før, alvor og stropl, remixar og demoar, mannskor og rap. Me er ikkje minst stolte av å presentere ein heilt ny låt som Side Brok har laga for å hylle Volda mineralvatn a/s, eller Brænne-brus, som me alltid har kalla det. Dette var den viktigaste kulturinstitusjonen i Ørsta/Volda då me voks opp, men no skal dei som kjent leggje ned, så ein hjartans takk er på sin plass!

Dei som er med:

Adam Rzla, Bromstad Billionaires, byGDEkRap, Både-Per, Floke, Hengebryst, Mannskoret Falm, Egil Olsen, Side Brok, Siksen, Skatebård, Stonxyblot Proxy, Lars Vaular, Vågard og Fredrik Weisser.

Og kva er dette eigentleg? Me gjentek orda frå i forfjor:

”Dette er altså ein miksteip, og du får klart best resultat viss du finn/skaffar ein opptakskassett som du så kan kopiere desse mp3ane inn på. Det er derfor me har lagt ut to mp3ar, éin til kvar side. Vedlagt finn du òg omslag til kassetten; det er veldig flott og inneheld mykje informativ og god tekst om musikken. Det ligg som ei pdf-fil, så den kan du skrive ut på skrivaren din, klippe og brette til, så har du ein ekte pina d miksteip. Og når du er i gang, lag eit par ekstra! Så har du julegåver til foreldre og besteforeldre.”

Høgreklikk for å laste ned. Lenger ned på sida finn du separate spor.

Program A (mp3, 55 mb)
Program B (mp3, 48 mb)
Program A og B (wav, 440 mb)
Omslag (pdf, 2 mb)

Separate spor

Her har me klipt sunde og lagt ut alt som mp3-ar, 320 kbps (sjølv om nokre av dei mest obskure tinga i utgangspunktet var i lågare kvalitet). Klikk for å høyre, høgreklikk for å lagre.

Det e pina d ENDÅ en kassett
(Alle låtane i éi mappe)
01. Side Brok: Brænne Brus
02. Mannskoret Falm: Fangst, garn, bark og malm
03. Stonxyblot Proxy: Fishk
04. Bromstad Billionaires & Thorstein Hyl III: Cookin kviti, svart og rosa mash up
05. Skatebård: Den
06. Vågard: 8 linjer
07. byGDEkRap: Abstinens for kvinns
08. Adam Rzla: Træla dub
09. Mannskoret Falm: Frakt, salt, sild og kalk
10. Fredrik Weisser med Thorstein Hyl III: Stillehavet
11. Egil Olsen: Lollipop
12. Både-Per: Luftgeværet te dama hass Lippar-Luis
13. Thorstein Hyl III: 8 linjer
14. Beatbox Siksen feat. Far: Skulerap
15. Lars Vaular: Nokre linjer på gata
16. Floke: 1, 2, 3, fyre (Fuckedup remix)
17. Skatebård: Ratt
18. Side Brok: Kjeltring (SCC remix)
19. Hengebryst: Ej drite i alt
20. Mannskoret Falm: Om eg var ein fiskar