Ymse

Ny kassett, julefest og Heimegutarheimeside

Hurra. Me er snart klar med den tredje internettkassetten vår. Han heiter Det e pina 3 en kassett, og kjem her på sida midt i desember. Dette feirar me som vanleg med juletrefest på Rust i Ørsta 3. juledag – med Side Brok og vener på scena. Blir svært! Meir info om kassett og fest kjem etter kvart.

Dessutan har Aldeles laga ei ny heimeside for Heimegutar (som du sjølvsagt allereie har kjøpt på DVD).

Ute idag!

Heimegutar ute på mandag

For dei som ikkje har fått det med seg: Filmen “Heimegutar” fyl Side Brok på innsida i løpet av 6 år, gjennom opp- og nedturar, frå det store gjennombrotet til dei vender tilbake med ny plate i 2009 og er eit portrett av eit unikt hip-hop univers med fjell, fjord, råning, sprit, humor og ironi, men også ekte vennskap og kjærleik til orda og musikken.

DVD-utgåva er i butikkane på mandag den 18. oktober, og her kan du sjå unike scener som ikkje er med i filmen: høyr meir om bakgrunnen og inspirasjonskjeldene til frontfigur og tekstforfattar Runar Gudnason, sjå unike konsertopptak med alter-egoet Sirkel Sag i kjent stil med cowboyhatt, skinnvest og bar overkropp, og nyt strandlivet med Skatebård. Til og med mormor Borghild Lødemel er med og klarnar opp i slektskapet med Ivar Aasen ein gong for alle. Sist men ikkje minst må nemnast legendariske opptak av råning i Ørsta. Det har aldri før lukta så sterkt svidd gummi av ein tv-skjerm, det kan lovast.

Heimegutar har nasjonal distribusjon gjennom distributøren Ess Engros AS og blir å få tak i på alt frå bensinstasjonar til Platekompaniet.

heimegutar-front-cover.jpg

Ute no!

kommersnart1.jpg

Side Brok presenterer: KorteBrok

Ei utbrytargruppe frå Side Brok har skipa ein ny kvartett: KorteBrok spelar Side Brok-låtar i meir jazza og akustiske versjonar. Dei spelar til og med Side Brok-låtar som Side Brok ikkje har spela før. Dette er rap for dei som likar å sitje på konsert. Rap for dei som likar å drikke vin og få med seg tekstane. Rap for dei som likar jazz.

Runar rappar,
Pål Olav spelar rhodes,
Audun spelar kontrabass,
Tore spelar trommer.

KorteBrok skal spele sin aller fyrste konsert under Dei nynorske mediedagane på Litteraturhuset i Oslo den 22. oktober kl. 19.00. På programmet står òg festkåseri av Dagfinn Nordbø og utdeling av Nynorsk redaktørpris. So veit de det.

Kall det kva du vil, kall det kunst

Kunstmålaren Harald Schioldborg jr. likar å høyre på Side Brok når han målar, derfor har fleire av bilda hans fått namn etter Side Brok-songar. Sjekk ut den nye separatutstillinga hans, «Resonans» på Galleri-A i Oslo 23. september – 10. oktober. Her kan ein m.a. sjå dette bildet, som heiter «Ingen ting å være skjemt av». Løye!

ingenting3.jpg

Ny giv!

Eg veit! Eg er ikkje god nok til å oppdatere sida. Men no må/skal/kanskje/bør eg skjerpe meg. Det skjer jo ting av og til, faktisk, og eg er flink til å fortelje det til alle eg møter. Men no møter eg ikkje så mange lenger, for alle sit heime og er på nettet.

Aldeles A/S jobbar på spreng med DVD-utgåva av Heimegutar, og satsar på utgjeving i oktober/november.

Det nye, og tidlegare omtalte, prosjektet til Thorstein Hyl, er godt på veg. Eg skreiv visst at skiva heilt sikkert ville kome i år, og det er godt muleg me når det. Viss ikkje, kjem ho tidleg neste år. Side Brok er òg i full sving, og album nummer fire kjem i 2011.

Den talentfulle beatmakaren Soul Theory («Spreng Amfi», «Drit å gjer», «Beats, rim» og «36½») har produsert den veldig fine og veldig nittitals-aktige låten «Venstre høyre» med tre rapparar: RSP, Pumba og Thorstein Hyl. Låten kjem på iTunes den 1. oktober. Viss du vil høyre låten no, kan du høyre Mozart og Madonna på P2 frå 2. september; heile programmet handlar om rap og dialektar, og i studio diskuterar eg med RSP og hip-hopjournalisten Øyvind Holen.

Elles då?

venstreh-stor.jpg

Heimegutar til New York

Filmen, altså. Ikkje me, dessverre. Men steikje det! Filmen skal visast på New York International Film Festival, som er ein ekte og tøff filmfestival – i verdas tøffaste og mest ekte by. Festivalen foregår 22. – 29. juli.

Til hausten skal filmen òg visast på ein systerfestival i Los Angeles. På engelsk heiter forresten «Heimegutar» «Homeboys».

Masse roser, takk og gratulasjonar til regissør Turid Rogne! – og resten av Aldeles, som har produsert filmen.

No må eg ringe til Thirstin Howl og seie at han skal dra seg på kino.

Heitt tips: Syn og Segn 2/2010

I det heilt nye nummeret av Syn og Segn har eg skrive ein lang reportasje frå MC’s Fight Night i København. Det er ein konkurranse i fristilrap som foregår i ein boksering. Men teksten er òg eit essay om fristilrap og battling generelt, og om mitt forhold til dansk rap, og på ein måte litt om begynnelsen på Side Brok. Viss ein av uforklarlege grunnar ikkje allereie er abonnent på dette glimrande tidsskriftet – som nyst har blitt kåra til Årets Tidsskrift av Norsk Tidsskriftforening – kan ein kjøpe bladet på Narvesen. Eller lese det på biblioteket.

R