Kino & konsert i Bergen

Dokumentaren om oss, Heimegutar, skal visast på Bergen Internasjonale Filmfestival den 21. oktober. Då tar me like godt turen til Bergen og tøffar oss med konsert på Garage same dagen. Det er år og dag sidan me spelte i Bergen sist, så dette blir svært! Oppvarming med det fine lokale bandet Bluemashin Raporkester.