Mykje styr

Dårleg nyheit: EKTE MENN har vorte utsett i to veker, og skal altså vere i butikkane og på iTunes den 11. mai.

God nyheit: Grunnen til utsetjinga er at pinaDgreitt records har fått ein særs god distributør med på laget, nemleg Sony Music. Så no må vestlandsanarkistane ta seg ein bolle og eit glas kefir og slappe av i eit par veker, mens kapitalistane nede i Oslo gjer jobben sin.

Planen var å ha sleppefest på Rust i Ørsta den 25. april. No kan me dessverre ikkje selge skiva denne dagen, men me kjem og spelar konsert likevel! For dei som ikkje var på Rokken i februar, kan me opplyse at bandet er utvida med to personar, og at begge er veldig flinke og deilige.

(Det vert ikkje sleppefest i Ørsta rundt 11. mai, for Rust er ikkje ledig).

Ein siste ting; i komande veke kan de sjå Side Brok på tv – heile to gongar. Fyrst på Waschera på TV2 tirsdag den 21. april kl. 16.00, og så på God Morgen, Norge på TV2 dagen etter kl. forferdeleg tidleg.

Tre glas kefir, takk!