Ny kassett (og styr)

Her i hovudkvartera til PinaDgreitt records vert det no jobba på spreng for å få ferdig fjerde kapittel i vår svært legendariske kassettserie. Akkurat no ser det ut til at kassetten kjem til å heite «Pina D 4», men kven veit, alt kan skje. Som alltid vert kassetten tilgjengeleg på sidebrok.no nokre dagar før jul, og de kan laste ned både side a og side b + omslag i fine fargar.

Dei som er med denne gongen (i tillegg til Side Brok, då) er A-Laget, Transilvanian Galaxi, Kontrollert Kaos, Harald Frøysa, Rudebwoay, Sofus og endå fleire. Til dømes SuperDuo. Me har òg ein haug med rapparar på éi og same låt: Lars Vaular, Sjef R, Ukjent, Salvador Sanchez, StanMimix, Hajoken, Raske Penge og nokre til (viss dei får ut fingeren).

Ein av låtane på kassetten er «Svolt» av SuperDuo (Thorstein Hyl og Soul Theory). Denne sjarmerande superduoen har ein EP klar som er ute på nyåret. Plata har gode gjestar: Emile The Duke, Hajoken og Supa Sayed. Men «Svolt» er ikkje på EP-en, berre på kassetten – og på youtube; me har nemlig ein mobiltelefonvideo frå innspelinga til dykk her. Han med mest skjegg er Knut Sævik, som spelte inn og miksa låten.

PS: Me er dårlege, og vert nok heller aldri betre, til å bruke heimesida vår. Det vert mest twitter, facebook og soundcloud for tida, men me må jo ha sida til å legge ut kassettar og til å skrive slike lange meldingar som dette. Tenkji.