Nyopning av www.sidebrok.no

Stor stas!

Me opnar no Side Brok si nye heimside og vil med dette for fyrste gong vise «Rist Med Raua» på den vide veven. Me håpar du vil kose deg med den, og ser fram til eit nytt år med nye tragediar, morosame innskot og så klart… eit nytt album! Meir vil me ikkje seie om dét temaet, akkurat no.

Fire viktige punkt:

  • Me har lagt ut acapellaer på remixforumet, der du sjølv kan laste opp dei feite remixane dine og få tilbakemelding frå sjefane sjølve – og diskutere med andre! Me vil legge ut éin acapella kvar månad så lenge me har, og det vil jo ta nokre år. Men til å begynne med har me lagt ut heile 2 stk.
  • Me tar gladeleg i mot gode idéar om kva de vil sjå og høyre her på sida. Skriv ein e-post!
  • Nyheiter vil kome fortløpande, viss der er noko å fortelje. Og det er der.
  • Du har ikkje noko å vere skjemd av.

Side Brok – Rist Med Raua
[quicktime]http://www.sidebrok.no/wordpress/sidebrok-ristmedraua.mov[/quicktime]

4 thoughts on “Nyopning av www.sidebrok.no”

  1. jau men «Rist med Raua» funka no ikkje! Alle andre videoane funka men dei finst no alle stadar, Rist med Raua he ej venta på i monge år. Fikse då 🙂

  2. kan kan man sei?

    eg annser meg sjøl som gother, men og fusing.

    fusa er mi bygd, den er knøttliten og ubetydelig.

    Sidebrok har gitt meg muligheten til å lene meg tilbake med ein god latter og nyte ekte norsk bygderap. man kan med tryghet sei at livskvaliteten siden eg fikk høyra «rist med raua, har gått kraftig opp. dette vart berre tøys, så eg har formulert eit konkret budskap: dykk eig. eg hyllar dykk og takkar for alt de har produsert.

Comments are closed.