Så har me endeleg begynt å kome oss etter ei hektisk og rasande artig helg på Voss. Fredag spelte me konsert på Park hotell, og det var svært å vere tilbake på den same scene som me spelte vår aller fyrste konsert utanfor Ørsta, i jula 2003.
Me hadde òg i oppdrag å snekre i hop årets tingingsverk til Badnajazzen: ein konsert i lag med dei talentfulle og kjekke ungdommane frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik. Me øvde og jobba heile fredag og laurdag, og på søndag var det konsert i den stappfulle Vossasalen. Svært! De kan sjå bilder frå konserten her.
Må sei at Ekte Menn gjenge varmt i sub’en for tida. For ei sommarstemning det e på den!