Side Brok presenterer: KorteBrok

Ei utbrytargruppe frå Side Brok har skipa ein ny kvartett: KorteBrok spelar Side Brok-låtar i meir jazza og akustiske versjonar. Dei spelar til og med Side Brok-låtar som Side Brok ikkje har spela før. Dette er rap for dei som likar å sitje på konsert. Rap for dei som likar å drikke vin og få med seg tekstane. Rap for dei som likar jazz.

Runar rappar,
Pål Olav spelar rhodes,
Audun spelar kontrabass,
Tore spelar trommer.

KorteBrok skal spele sin aller fyrste konsert under Dei nynorske mediedagane på Litteraturhuset i Oslo den 22. oktober kl. 19.00. På programmet står òg festkåseri av Dagfinn Nordbø og utdeling av Nynorsk redaktørpris. So veit de det.

2 thoughts on “Side Brok presenterer: KorteBrok”

  1. Spørs kva du meinar. Nytt Side Brok-album kjem ikkje før om eit års tid. KorteBrok-album kjem kanskje ein gong, viss me får gjort nokre gode konsertopptak.

Comments are closed.