Tabloid kjem frå same ordet som tablett

Dei fleste har nok etter kvart forstått at ein ikkje skal tru alt som står i avisa, men av og til får eg likevel lyst til å forklare litt.

Etter konserten vår i Bergen på onsdag, fekk me besøk av VG i backstagelokalet. Dei begynner med å spørje om stoda og planane framover. Eg seier at det er vanskeleg å spå, men at eg trur me lagar ei plate til, og at eg trur me gir oss etter den. Det vert straks til overskrifta «Side Brok gir seg».

Vidare spør journalisten: «Men de kjem ikkje tilbake som rockeband, då?»

Eg: «Hæ?»

VG: «Ja, som visse andre norske hip-hopband har gjort?»

Eg: «Å, du meiner Klovner i Kamp, som har blitt til Yoga Fire? Haha, nei, det kjem me heilt sikkert ikkje til å gjere» – og det er heilt sikkert, for det er ikkje ein type musikk eg har noko forhold til – «men du seier «visse andre» norske hip-hopband? Det er vel ikkje fleire?»

VG: «Paperboys har vel på sett og vis òg blitt eit rockeband på den nye plata si?»

Eg: «Vel, tja…»

Dette blir elegant skrive slik at det ser ut som noko me har tenkt på, og vil formidle til folk: «De lover imidlertid dyrt og hellig å ikke returnere som rockeband, som Klovner i Kamp-gutta gjorde som Yoga Fire, og som Paperboys på sett og vis gjorde med sitt comeback-album. – Det skjer ikke. Da får du lov til slå meg midt i ansiktet, lover Runar.»

Sterke ord, som gir inntrykk av at eg synes Klovner/Yoga og Paperboys er latterlege folk. Det er synd, for det er ikkje sant. Klovner er gode folk, og me har spelt ilag på scenen. Paperboys kjenner eg ikkje, men det er dyktige folk som eg ikkje har noko i mot.

Dette er kanskje ikkje verdas viktigaste sak, men det irriterar meg sterkt. Og kanskje er eg mest irritert på meg sjølv, som sliten og trøytt etter ein heftig konsert, gjekk rett i tabloid-fella.

-Runar.