Takk til Bergen, hei til Oslo

Takk til alle som kom på kino og konsert i Bergen i forrige veke, det var svært deilig å vere tilbake! For meg (Runar) var det òg fyrste gong eg var på BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival), og me var med på opningshøgtida der me tok eit par låtar for ein fiff-fullsatt sal. Eg fekk springe rundt mellom stolradene og brøle opp i ansikta på Vibeke Løkkeberg, Pål Bang-Hansen og andre gode folk. Det gjorde godt. For meg, i allefall.

Endå kjekkare var det å vere med på skulevisingar av «Heimegutar», og svare på spørsmål frå salen. The kids are som alltid alright!

BIFF TV laga eit artig intervju med oss – med improviserte musikkvideoelement; sjå det her (du må rulle litt ned for å finne det).

I erkjenning av at det kanskje er ei stund til HIL kjem i cupfinalen, har me sagt ja til å heie på AaFK, og varme opp AaFK-tilhengjarane dagen før cupfinalen i Oslo. Det skjer altså den 7. november i eit telt i Rosenkrantzgate 18, mellom Saras telt og Smuget, så det burde vere mogleg for sunnmøringar å finne det. Kom, hei – og gi na.

Til slutt eit bilde frå Bergen – med bildeteksten: «Bård og Knut tykte det hadde vore ein gild konsert.»p1010272.JPG