[Ordliste]

Er det ord eller uttrykk i tekstane du ikkje forstår, så kan du få hjelp her. Det er meininga at denne lista heile tida skal verte lenger og betre, så send ein e-post viss det er ord eller uttrykk du savnar – eller viss du har spørsmål, forslag og kommentarar.

Alida stadnamn gammal bosplass i Ørsta
Bondalseidet stadnamn skipsportsenter i Ørsta
brelle (sjå undebrelle)
femme subs. femliters plastdunk med heimelaga alkoholhaldig drikke
H.I.L. Hovdebygda idrottslag
Hovde stadnamn Hovdebygda
hårre (el. ~ heite det, el. ~ steikje det) interj. generelt kraftuttrykk
kjekse subs. ei særs tiltrekkande jente eller kvinne
lappegro subs. frosk
marabakkje subs. bratt botnskråning langs stranda
reita verb drikke, feste (også brukt som substantiv for «fylla»)
Reset stadnamn skipsportsenter i Volda
rivar subs. erigert penis
røle verb skryte, gjerne med eit avslappa forhold til sanninga
rås subs. sti
slepebrølar subs. bærbar kassettspelar, ghettoblaster
sorphøne subs. snurrebass (altså eit leiketøy)
svele subs. ei løfse som ikkje er heilt vafle
tyte verb snakke (for) mykje eller irriterande, skravle
undebrelle (el. berre brelle) subs. underbukser
Vik stadnamn Ørstavik, Ørsta sentrum