Superold homeboy

Hurra for Egil Olsen som fyllte 30 den 14. april! Og hurra for dei gode venene hans som har gitt han tidenes gåve. Ein liten gjeng har nemlig lurt seg til å lage ei plate med ymse norske musikarar som spelar Egil Olsen-slagerar på svært ymse vis. Plata er trykt på vinyl i 300 eks, og kjem ikkje på cd. Ho kan kjøpast i butikken Big Dipper i Oslo – eller tingast. Besøk Egils side for å sjå liste over songane og anna godt.

Slik ser omslaget ut:

billede-6.jpg

Og slik høyrest Side Brok sitt bidrag ut, som tilfeldigvis ikkje er ein versjon av ein Egil-låt, men ein heilt ny låt, basert på alle låtane Egil nokonsinne har laga. Bård har bygd beatet på ein sample frå Egil-slageren «Let’s go crazy». Runar laga rappen ved å omsetje tekstlinjer frå Egil sine tekstar og klippe dei i fillebitar. Altså, slik vart det:

Side Brok: Alt ein mann kan drøyme om
[audio:sidebrok-alteinmannkandroymeomNO.mp3]

Side Brok og alle badna

Så har me endeleg begynt å kome oss etter ei hektisk og rasande artig helg på Voss. Fredag spelte me konsert på Park hotell, og det var svært å vere tilbake på den same scene som me spelte vår aller fyrste konsert utanfor Ørsta, i jula 2003.

Me hadde òg i oppdrag å snekre i hop årets tingingsverk til Badnajazzen: ein konsert i lag med dei talentfulle og kjekke ungdommane frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik. Me øvde og jobba heile fredag og laurdag, og på søndag var det konsert i den stappfulle Vossasalen. Svært! De kan sjå bilder frå konserten her.

Takk, Oslo!

– og takk til alle som kom. Det er visst ikkje så frykteleg ofte at alle på Blå – frå scenekanten til baren – hoppar, men det skjedde under dei to siste låtane på laurdag. Tilstandar! Det var godt å spele i Oslo igjen; me må visst snart tilbake. Her er eit bilde av Thorstein Hyl, som har sin heilt eigen måte å få folk til å be om ekstranummer på …

side-blaa.jpg

– Og pakkevinnaren er …

I Side Brok driv me ikkje med kjønnsdiskriminering.

No har det nettopp vore 8. mars (som forresten var 6 års-jubileum for Høge Brelle!).

Me er ganske metrofile av oss.

Me fekk inn fleire svar frå menn enn frå kvinner.

Altså; mange gode grunnar til at me har kåra ein mann til vinnar av pakke-konkurransen. Til lukke, Jostein Eikrem! Du hadde heilt rett svar på kvifor Skatebård får flest kjekser: ”Det er vel ei kjent sak at Skatebård trykke på tangentane og er flink til å skru på dei rette knappane?”

Takk til alle som sende inn svar. Me har kika godt på alle settlistene. No gler me oss til laurdag. Håpar Oslo er klar!

Vinn pakka!

I høve konserten på Blå i Oslo vil me gi vekk to stk. pakka.

Kva er pakka? Jau, då Oddgeir leita etter inkassovarslane sine her ein dag, kom han over ein bag han lenge har nekta på var i hans forvaring:

Nemleg baggen med banneren vår frå 2004, og eit knippe klassiske Side Brok girlie tank tops! Håhåhå … Jentene var aldri so heite som sommaren 2004, når dei brusa med fjøra sine ikledd desse brennheite tank toppane. Hårre steik, seier no me!

Det du treng å gjere for å vinne alle skivene våra, eit eksemplar av nemnde klesdrakt og ein billett til Blå 13. mars, er å sette opp di drøyme-settliste, samt svare på kvifor Skatebård er den med mest dametekke av alle i orkesteret.

Send til: sjefr(ætt)sidebrok.no, so trekkjer me den heldige vinnaren den 8. mars – altså på sjølvaste kvinnedagen – for denne … denne er for kjeksene der ute!

Oslo 13. mars

Då var dén på plass, i allefall. Me spelar på Blå i Oslo den 13. mars. Me stiller med blåsarrekke, og de skal berre stille! Dørene opnar klokka ni, me spelar klokka ti. Det kostar 150 kroner.

OBS! OBS! ME SPELAR ALLEREIE KLOKKA 22.00 (for etterpå er det DJ Prins Thomas).

New shit, same rapping

Sjå på Youtube, eller last ned i skikkeleg kvalitet her.

[youtube]rrdI6l4WBs8[/youtube]

Godt år – og side taske!

Ymse er på veg i 2010:

– I mars/april tar me oss ei lita runde med konsertar rundt omkring i landet. Prøvar i allefall å planleggje noko no.

– På Vossajazz, siste helga i mars, skal me levere årets tingingsverk til Badnajazzen: ein rapkonsert med masse ungar frå Voss og Ulvik. Side Brok skal òg spele eigen konsert på fredagen.

– Til våren kjem dokumentarfilmen Heimegutar på dvd med ein haug med ekstramateriale.

– Me held fram med å lage musikk til den grusomt vanskelege fjerdeplata. Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud.

– Ei plate som heilt sikkert kjem i år, er debutplata frå Thorstein Hyl sitt nye prosjekt. Me spelar mystiske, og nøyer oss med å opplyse at det vert svært.

Sjå kva eg fann –

heime med ho mormor på julaftan!

p1010360.JPG

Steik, kor det vart jul då!

Takk til alle som kom på Rust 3. dag. Det var veldig svært! Me har allereie begynt å planlegge neste juletrefest, som vert endå større og villare.

Mykje styr for tida

– såpass at me gløymde å skrive at Heimegutar vart vist på NRK2 i dag (laurdag). Men fortvil ei! Reprise i morgon på same kanal kl. 18.55.