Skatebård nominert til Spellemann

Jaha! Det stemmer. Nyeskiva hans Skate, Cosmos, er nominert til Spellemann i electronica-kategorien. Så alle må sjå på tv på laurdag, og heie!

Alle veit jo at han Bård elskar å vere på prisutdelingar. Her kan de sjå kor han kosa seg då Side Brok var nominerte i 2005.

Jul med, di krede

No er det snart jul, og i god tradisjonell Side Brok-ånd bryt me allereie tradisjonen med juletrefest på Rust. Grunnane er mange og fleirtydige. Ein av dei viktigaste er at me jobbar for hardt i studio med det nye eposet vårt, som no forresten har fått eit namn…

Vel, me vurderar allereie å begynne ein ny tradisjon med juletrefest til neste år.

Dessutan har me endeleg fått tak i fleire acapella-versjonar til remixforumet vårt, så no vert det styr der igjen, håpar me.

Elles noko nytt? Tja. Sjef R har vore i New York og laga musikkvideo, Skate har klipt seg og Thorstein har drukke sprit.

Me håpar alle får ei fredeleg og samarbeidsvillig jul.

To konsertar i Oslo denne veka

På komande torsdag (27.11.08) spelar Geirr-Olav sin siste konsert. Det skjer på Nasjonalbiblioteket kl. 19, – og det er gratis! Geirr-Olav er ein rap/folkemusikk-konsert om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt. Omtalt her på sida tidlegare.

Dagen etter, altså fredag 28. november, er Side Brok gjestar hos The Groove Experience på Parkteatret. Verten er som alltid The Vibe; eit 11 manns funkband som sparkar ræv, og dei har alltid forskjellege songarar og MCar med som gjestar. Side Brok skal ta eit par gamle hits + ei heilt ny låt frå den komande plata vår. Les meir om arrangementet og dei andre gjestane her.

Side Brok rappar Olav H.

I samband med at det er 100 år sidan Olav H. Hauge vart fødd, skjer det mykje rart – og ein god del som ikkje er så rart. At det no har kome ei plate der ymse norske artistar tolkar Hauge-dikt, er eit eksempel på ein ikkje så rar (og rimeleg forutseieleg) ting. At Side Brok fekk vere med, derimot, og endå verre; at Sjef R fekk lov til å ta det alvorlege diktet «Eg stend eg, seddu» og skrive vidare på det!… Dét er rart. Og sjølvsagt heilt utilgiveleg.

Plata heiter For du skin ikkje for deg sjølv og er visst ute allereie. Andre artistar på plata er bl.a. Bjørn Eidsvåg, Thom Hell, Valkyrien All Stars, Jan Eggum og Heide Marie Vestrheim.

Her kan du sjå omslaget og høyre utdrag frå alle låtane.

Ny plate frå Bård, halv plate frå Side Brok

Skal me seie at sommaren er over no? Tja, jau. Kanskje. Heimesidesommarferien er iallfall slutt.

Me er no omtrent halvvegs i innspelinga av den nye plata vår, og me må nok innrømme at ho vert endå betre enn me hadde frykta. Plata kjem ut i mars eller april, og me gler oss! Me gler oss spesielt mykje til å kome ut og spele konsertar igjen.

Som alle sikkert veit, er ikkje Skatebård berre ein av beatmakarane i Side Brok. Han har òg ei svær og internasjonal solokarriere på stell. Når han lagar musikk aleine, er det helst italo disco-inspirert techno/house, og han har gitt ut ein haug med singlar og EPar på vinyl dei siste åra. I 2006 kom det fyrste CD-albumet, Midnight Magic, og sidan har Skatebård hatt mange spelejobbar i Tyskland, Frankrike, England og Finland.

Og no kjem andreplata! 27. oktober landar Cosmos både i CD-butikkar og på internett. Høyr låtar og lær meir om Skatebård på myspacen hans.

Bilder og styr

Den legendariske Dr. Jensen har vore ein tur innom hovudkvarteret og levert nokre fleire bilder han tok i 2004. Så sjekk galleriet for ei lita oppdatering av «Innspeling: Høge Brelle» og «Rundtomkring 1992-2007».

Har du nokre relevante bilder, forresten? For eksempel eit godt bilde frå ein Side Brok-konsert eller eit mindre godt bilde av deg og Skatebård backstage, så send dei til oss.

No er me straks klar til å ta oss ein tur i studio! Me har faktisk tenkt å gjer vårt beste for å ikkje verte brune og fine i sommar; til gjengjeld har me forhåpentleg ei brun og fin plate me kan gi ut seinare på året.

Hald linja.

To ting

1. Sjef R er på veg ut av skapet som folkemusikar. I lag med Benedicte Maurseth (kveding og hardingfele), Gabriel Fliflet (trekkspel) og Snorre Bjerck (trommer og sampling) har han laga konserten ”Geirr-Olav”, som er eit skeivt blikk på diktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt. Rap og kveding, fele og beats, tøys og alvor!

Konserten vert spelt fyrste gong i Aasentunet i Hovdebygda på komande onsdag (30. april) i samband med opninga av den nye utescena. I løpet av sommaren og hausten vert det òg konsertar på Hardingtonar i Norheimsund (22. juni), Poesifestivalen i Ulvik (20. september), samt konsertar i Bergen (22. september) og Oslo (27. november). Meir om dette etterkvart.

2. Den voldsomt produktive og talentfulle hip-hopprodusenten Soul Theory har nettopp gitt ut ein ny mixtape med norske, svenske og amerikanske rapparar (Smif N Wessun, Craig G, Ken Ring, A-Lee og mange fleire). Og på CDen finns òg eit bonusspor med Thorstein Hyl som heiter ”La ver”. Mixtapen kan lastast ned gratis frå kingsize.no (men du skal vere oppretta som brukar av Kingsize Community).

Soul Theory har jobba med Thorstein før, då han leverte beatet til ”Spreng Amfi”, og han har òg eit par beats på den komande Side Brok-skiva. Meir om han her.

Over all forventning!

Det er ganske sjokkerande, men sant; trafikken her på sida er veldig bra. Takk for det. (Viss ein kikar i gjesteboka, kan ein derimot få det inntrykket at besøkstalet er 2. Kom igjen, skriv ei helsing!)

Remixforumet funkar også veldig bra. Der er allereie 15 remixar, og variasjonen er voldsomt stor – det er 15 heilt forskjellige låtar. Og hugs, forumet er ikkje kun for dei som lagar remixane. Alle me andre kan også laste ned, høyre og kome med kommentarar.

Gode dagar til deg og dine!

-R.

Nyopning av www.sidebrok.no

Stor stas!

Me opnar no Side Brok si nye heimside og vil med dette for fyrste gong vise «Rist Med Raua» på den vide veven. Me håpar du vil kose deg med den, og ser fram til eit nytt år med nye tragediar, morosame innskot og så klart… eit nytt album! Meir vil me ikkje seie om dét temaet, akkurat no.

Fire viktige punkt:

  • Me har lagt ut acapellaer på remixforumet, der du sjølv kan laste opp dei feite remixane dine og få tilbakemelding frå sjefane sjølve – og diskutere med andre! Me vil legge ut éin acapella kvar månad så lenge me har, og det vil jo ta nokre år. Men til å begynne med har me lagt ut heile 2 stk.
  • Me tar gladeleg i mot gode idéar om kva de vil sjå og høyre her på sida. Skriv ein e-post!
  • Nyheiter vil kome fortløpande, viss der er noko å fortelje. Og det er der.
  • Du har ikkje noko å vere skjemd av.

Side Brok – Rist Med Raua
[quicktime]http://www.sidebrok.no/wordpress/sidebrok-ristmedraua.mov[/quicktime]